Lenda frå Land

Aasmund Olavsson Vinje (1818 - 1870)

Dei store Valdres- og Vinsterflyer eller fjellsletter,
dei ligg der på fjellet millom Gudbrandsdalen og Valdres.
Derifrå ser du godt nordvest til Mugnaknippet
millom dei store fjellvatni Bygdin og Gjende.
Du er som på eit hav, og ser liksom tårn og tindar stiga upp vest i land.
Det var der uppmed Bygdin, då eg låg der vêrfast her eit året
inne i den steinhytta, so stor som ein bakar-omn,
at eg høyrde fe-karen Ola fortelja um Lenda:

Sjå no skal du høyra um Lenda frå Land
og um hennar fagraste folen.
So sant som eg segjer, av soga er sann
kvar einaste mutten og molen.

Ho Lenda med son sin til beites vart send,
til fjells frå det skogute traset.
Og godt ho der uppe kring sætrom var kjend,
og fann seg det finaste graset

Men Lenda ho visste at turrare var
kvar blomen der nede på hjellom.
So lenger og lenger med henne det bar
der upp mot dei fælande fjellom.

I slagregn på flótter og flæe og fly,
når driv-skodd i krullar seg ringa,
då stod ho mot vêret for son sin til ly
og vermde 'n med halsen og bringa.

So kom ho til Bygdin, so fór ho mot vest,
der breden til høgre seg krinsar.
Og der kan de tru det er beite for hest,
med graset so feitt at det glinsar.

Med folen ho fór og på vollar ho låg;
og fælande feitna den fyrkja.
Og upp ifrå bakken mot bergi ho såg
til tindar som tårnet på kyrkja.

Frå lider ho fór der ho beitte som best:
-kven veit kva ho hadde i hausen!
Ho stemnde av stad, og so kom ho der vest,
der inne under Galdeberg-knausen.

Men ulukka var, ho til høgre kje tok
der framme på strandi ved bekken.
For upp yver berget legg vegen ein krok;
og soleis ho sat som i sekken.

Den kvelven er fin, og slik lygne for vind!
Og der er vel beite, kan hende!
Men fjellet og fjorden dei stengjer deg inn,
so vegen er berre att-ende.

Ho beitte i bakken, men fann so til sist
at graset tok der til å enda.
So stod ho og sturde. D'er galskap, men visst
at hesten han aldri kan venda.

Ho stod der og tenkte og såg seg ikring.
So steig ho til svåms burt i bylgja.
Og folen flaug etter, det skrøpeleg ting!
Du veit at han mor si laut fylgja.

Ho svam so det fossa; for hesten er slik,
han vatn kje vyrder og vandar.
Men midt burt-i berget der ligg det ei vik,
og der ho med folen sin landar.

I vatnet var kaldt denne stubben ho svam,
og svidde i holdet det gjorde.
Tilbake ho kann kje, og lengere fram -
det var som ho heller kje torde.

Dei åt der so lenge det fanst att eit strå
og svart dei ikringum seg snøydde.
Men folen var barnet, og svolten drog på,
so der ifrå mor si han døydde.

Å kvila på vegen gjev styrke i bein;
og kann du, so bør du det gjera.
Men standa i fåren som hoggen i stein,
det er fulla rådlaus å vera.

So kom det ein båt i den djupaste naud,
og svint inn i svingen han smurde.
So frelste dei Lenda, som nær-på var daud
og stod yver son sin og sturde.

Det er so du sjølv kann som Lenda bli stur,
når dette du dreg deg til minnes.
Men er det kje grovt med den heste-natur,
som soleis skal vera til sinnes?

Han stend til han stuvande svelter i hel,
og vantar på vit til å venda.
Og det er so sant som eg dette fortel,
at tidt det i fjellom kan henda.

Han gjenger seg fast, og han aldri kan snu;
og motgang hans tanke ei mognar.
Han skifter ei meining, som folk skulle tru.
Han brester, men aldri han bògnar